torsdag 27. september 2012

Møre ;)







torsdag 6. september 2012

Fjelltur i regnet!

Blåknapp

Eg har falle for ein blomster i dag - Blåknapp! 
Dei står fortsatt med grøne knoppar å strekkjer seg mot den grå himmelen i håp om å få sjå sola.
 Dei var berre heilt nydelige der dei sto!





 Einer

latin: Juniperus communis
Sjølvsagt med dråpar, for her regnar det jamt:)

  

Grantre

Eg reknar med at dette treet står trygt i vinter, då det var gøymd på eit nes langt inne i ein skog. Det sto ei hytte ved treet, men den såg det ikkje ut til å ha vore folk på dei siste åra. Eg fant hytta i går når eg var ute på tur for å samle tankane mine.

 

Nabotreet var nok litt eldre enn det første eg viste. Det her hadde fått skjegg,
å det vart reint staseligt på 
bilde! Det her vart nok dagens favorittbilde! 

 Greina av ei bjørk!

Ein gammal rusten streg! 


 Då har du fått våre med meg på tur i dag! Håpar du ikkje vart like blaut som eg vart...

PS: Om du trykker på bila får du dei opp i eit større format! :)

mandag 27. august 2012

Gult er kuuult


Vakna til høst i dag. Det var kjølig i lufta, å alle mine blomster hadde eit fint lag av rim/dogg. Når sola titta fram blinka det vakkert i mange små vassperler. 
115
Her har ikkje sola komme til for å få tørke opp denne edderkoppen sitt spindelvevet. 
203
I natt var det berre 4 grader ute!   109

Hausten er vakker!
197 
Og det er dråpar og <3
094
Håpar du likte bileta!

fredag 10. august 2012

Månedens Monochrome August

Her er mitt bidrag <3


Vassperler hengande på eit strå skin på ein regntung dag!



 Blåbær tredd på eit strå!





Du kan sjå fleire bidrag HER

Endå ein regntung dag!!

I dag har eg vore ute i skog og mark! :) 
Himmelen var grå og trist, men eg hadde bestemt meg for at eg skullle gå en tur på fjellet. Kameraet var med, å idag var eg veldig glad for det! 
Guri kor mange fine dråpar som hang å berre venta på meg. Eg har rulla meg rundt i lyng og gras, så eg var ganske våt når eg kom heim! Våt og nøgd med dagens bilder!!

 Eg berre elskar dråpar!!

Gaukesyre som vaks mellom steinane i ein velta steingard! 


 Eit lite strå med små perler av vatten - vakkert!!


Blåbær på eit strå <3


Håpe du likte bilda eg har valgt ut, å eg blir glad om du legg igjen en liten kommentar! :))




tirsdag 17. juli 2012

Gravplassen i Ervika på Stadt (Stadlandet)



Det er vel ikkje vanlig å legge ut bilder får en gravplass, men denne ligg spesielt vakkert til på Ytre Stadlandet - Ervik! Korsa gir ei spesiell stemning. Dette er den eldste delen av gravplassen! 
Bølgene skvulper nok opp på gravplassen når veret er dårlig! 


Dei her bilda tok eg på Jonsokafta i år, men eg var litt i tvil om eg skulle dele dei.. 


Korsa eg har tatt bilde av er over 100 år gamle


Den fine Erviksanden ligg "vegg i vegg" med kirkegården. 

Om du ikkje har vore her, så vil eg anbefale ein tur hit! 
Du kjem ikkje til å angre på det!

Der er og grotter her ute. Eg har berre kommet til tanken om at eg skal ta turen til dei, men eg har ikkje funnet rette dagen enda! Vil og ha med ein som synes det blir like spennande som meg å sjå ;) 

En dag skal eg dit! En dag!! :) Berre vent å sjå! :))