Nina's fotoblogg
- Øyeblikk eg har fanga på bilde -
lørdag 16. juli 2016
torsdag 27. juni 2013
torsdag 6. juni 2013
onsdag 5. juni 2013
Eit lite knippe bilde frå min fantastisk fine heimbygd!
Dalsbøvatnet kl.01.30, natt til 04.06.13
Morkadalen på Stadlandet! Morkavatnet nærast og Sætrevatnet bakerst.
Eg er på veg å skal sjå solnedgangen ved Erviksanden 03.06 klokka er 22.00
Erviksanden litt over midnatt den 03.06
Bølgebrus og lang lukketid... tja, eg måtte berre teste det ut :)
tirsdag 28. mai 2013
mandag 22. oktober 2012
lørdag 20. oktober 2012
Oktoberdag
Eg har ikkje hatt tid til å blogga i det siste, då eg har hatt ikkje mindre enn 2 4H prosjekt å gjere klart, å det tar tid med ungar som er lite engasjerte. Skulle ønske der fanst 4H der eg budde når eg var lite, for det er utrulig kjekt å vere med på.
Her er 2 av maaaannnnggge bilder eg tok på fredag. Legg nok ut fleire seinare :)
Denne hytta er vel ei av dei hyttene i heile Norge som har blitt oftast fotografert.
Den ligg vakkert til der grensa går mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, på Maurstadeidet!
Dette bildet er frå Nave på Maurstadeidet! Det var tett før eg braut foten, kasta kameraet og falt i vatnet sjøl då eg skulle gå ned for å ta det her bildet. Hahaha!
Med andre ord, eg tryna skikkelig då eg skulle gå ned bakken til vatnet! ;)
Ha en super lørdagskveld!!
onsdag 17. oktober 2012
tirsdag 16. oktober 2012
mandag 15. oktober 2012
Enda ein kald haustdag
Eg likar hausten, det har du nok sikkert merka :) Haust med klare fargar, blinkande iskrystallar og den friske lufta :) Eg kunne ha tenkt meg mange slike dagar!
I dag har eg og den eine jenta mi vore på fjellet berre for å fange rimfråsne markar til bilete! Å det klarte vi i dag!! Berre synd at vi ikkje hadde kledd oss bedre, for vi var nødt å reise heim pga fråsne fingra og tær.... Vi har lært!
Ha ei fine natt! :)
Klem frå
lørdag 13. oktober 2012
Tistelfrø med dråpar på!
Jada, eg veit det var mange, men eg klarte ikkje bestemme meg for kva eg likte best....
Fant du nokon favoritt??
Her er eit av bilda eg likte best. Sikkert fordi det sååg så mystisk ut!?!
Rim er fint!
Høsten er utrulig fin når sola får skine!!
Det har våre fint ver i fleire daga no, å i dag var det "svinaktig" kaldt når eg sto opp.
Eg treng vel ikkje nemne at eg likar veldig godt fråsne strå. Eg syns det er utrulig fasinerande å sjå på alle dei fine "krystallane" som heng tett i tett på alt som dei klarer å klore seg fast på.
Winter Wonderland!
Håper du likte bilda mine, å om du vil - legg gjerne igjen ein kommentar! :)
Mvh Nina
Etiketter:
dråpar,
høst,
rim,
winter wonderland
lørdag 6. oktober 2012
mandag 1. oktober 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)